Knut Arne Stokke | Bøstrand Transport

Author Archives: Knut Arne Stokke

  1. Ny bil og hengar!

    Leave a Comment

    I dag tok Inge Andreas Nerhus i bruk sin splitter nye Volvo bil og hengar! Bilen er levert av Trucknor Sandane, mens Ekeri Norge har stått for påbygg og hengar. Verkstaden vår har stått for lakkering og klargjering. Denne har total lengde på 22 meter, og er dimensjonert sann at den går lovleg med 60 tonn totalvekt. Vi ønsker Inge lykke til med den nye bilen 🙂

  2. Ny bil og tralle!

    Leave a Comment

    Vi gratulerer Geir Ole Hopland med ny bil i dag! Jomfruturen går søndag 🙂

    Bilen er vår fyrste Volvo FH versjon 5. Tralla er frå Ekeri. Både bil og tralle er topp utstyrt!

    Bilen er kjøpt på Volvo Sandane, og selgar er Jan Erik Roset. Verkstaden vår har tatt seg av klargjering. Sjekk ut dei flotte bilda:

    Geir Ole Hopland og Jan Erik Roset
    Geir Ole Hopland
  3. Kollonnekjøring over Strynefjellet!

    Leave a Comment

    I dag 30. Mai arrangerte NLF kollonnekjøring for og markere behovet for ny veg og nye tunnelar over Strynefjellet. Ca 150 lastebilar deltok og i tillegg mange småbilar og campingbilar. Dette er ei svært viktig sak for heile regionen, og vi støtta opp med 12 bilar til kollonna!

  4. Ledig stilling: Sjåfør kranbil

    Leave a Comment

    Vi har ledig ei stilling som sjåfør på kranbil. Bilen går mykje med takstolar og byggevarer ut frå Pretre AS i Stryn.

    Bil kan om ynskjeleg stasjonerast i Stryn i perioder. Ta kontakt med Knut Arne på TLF 97056505 for meir info

  5. Vakumåk for vindu og dører

    Leave a Comment

    Vi har gått til innkjøp av vakumåk for kraning av vindu. Det er av typen Powergrip MRTA811 LDC3. Det har kapasitet på vindu/dører opptil 635 kg! Her er alt av ekstrautstyr som radiostyring, ekstra kopper, mellomstykke i tilfelle sprosser +++

    Med vår største kranbil klarer vi vindu på 635 kg på 34,5 m rekkevidde

    Vi har også mulegheita til å krane sandwichelement med dette

    Ta kontakt med oss for meir info!

  6. Ny trekkvogn!

    Leave a Comment

    Årets fyrste nybil er komt i drift. Denne gangen var det Ole Kristian Dahl sin tur å ta i bruk ny bil. Bilen er ein Volvo FH 500 Fuelsave. Bilen er levert av Trucknor Sandane, påbygget er frå F.J Lastvagnar medan verstaden vår har stått for klargjering og lakking.

  7. God jul frå alle oss i Bøstrand!

    Leave a Comment

    Vi ynskjer å takke alle våre samarbeidspartnarar og kundar for godt samarbeid i året som har gått. Vi ser fram til neste år, og ynskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

    I staden for julegåve har vi i lag med ansatte i år valgt å gi eit bidrag til Ørsta Røde Kors, Hjelpekorps. Gåva er på 30.000 kr, pengane går til innkjøp av 5 stk nettbrett m/ laddar og utstyr som skal brukast i ettersøk og aksjonar. Programmet som brukast er SARtopo, og det gir full oversikt over mannskap under leiteaksjonar. Vi håpar att dykk får god nytte av dette utstyret.

    Vi i Bøstrand vil også benytte anledninga til å takke alle medlemmar i Ørsta Røde Kors for den formidable innsatsen som blir lagt ned kvart år i form av dugnadstimar og arbeid for lokalmiljøet! Det er viktig for oss alle å ha ein sann organisasjon i området. Vi er stolte av dei ansatte som gir sitt bidrag til ei flott sak sann at vi ilag kan gi denne gåva!

    Frå venstre: Dagleg leiar Yngve Ose Bøstrand, Tillitsvalgt Vebjørn Eriksen, Leiar i Hjelpekorpset Merete Flø og Leiar i Ørsta Røde Kors Jarle Steinar Bjørdal