Autosenteret
Autosenteret Ørsta AS tilbyr tenester innan sørvis, mindre lakkjobbar, byte av hydraulikkslange, dekk, felg og generelt vedlikehald av storbilar. Me er åtte personar i fast stilling på verkstaden, alle med lang og allsidig erfaring i faget. Bøstrand er godkjend lærebedrift, og me har no ein lærling hjå oss.
Vaskehall
Bøstrand har vaskehall spesialtilpassa store bilar. Ved innkøyring kan me starte underspylingsanretning. Vaskehallen er så stor at ein kan vaske to køyretøy med hengar samtidig. Ta kontakt for ein godprat om kapasitet, omfang og pris.
Avdeling hydraulikkslangar
Me har ein svært godt utstyrt hydraulikkverkstad, og det gjer at me kan lage dei fleste hydraulikkslager og koplingar innanfor storbil – og landbruksnæringa. Har du andre spesifikke behov? Spør oss!
Avdeling delelager til Volvo lastebil og til ulike tilhengarar/traller
Sidan me sjølve har 50 bilar i dagleg drift, har me eit stort og allsidig delelager til dei fleste nyare Volvo-lastebilar. Me har også delar til tilhengarar/traller. Treng du delar til lastebilen din straks? Spør oss.
Avdeling dekk
- Me har ein person som i hovudsakleg arbeider med dekkrelaterte oppgåver.
- Me har sjølvsagt også eiga dekkomleggingsmaskin, balanseringsmaskin og seipemaskin.
- Me lagerfører eit stort utval lastebildekk.
- Andre aktuelle dekk kan skaffast snøgt frå leverandøren vår.
Utfordr oss, spør om pris på storbildekk komplett montert på felg
Avdeling delelager til Volvo lastebilar og til ulike tilhengarar/traller
Sidan me sjølve har ca. 50 storbilar i dagleg drift, har me eit stort og allsidig delelager til dei fleste nyare Volvo lastebilar. Me har også delar til tilhengarar/traller. Har du behov for delar til lastebilen din straks?
Spør oss, og få eit godt tilpassa tilbod.
