Bøstrand satsar på opplæring!

Bøstrand har sidan 2003 hatt mange lærlingar, og i år satsar vi enda meir på opplæring av lærlingar. Dette er noko vi syns er svært viktig for framtida og pr. dags dato har vi 2 lærlingar i arbeid. Mange av tidligare lærlingar er fortsatt i firmaet og gjer ein strålandes jobb! Vi har i alle år hatt eit svært godt samarbeid med Transportbransjens Opplæringskontor for Møre og Romsdal.

I går var det sosialt samvære med pizza og kontraktsignering med 6 lærlingar til som skal begynne som sjåførar her etter ferdig skule til hausten/vinteren. Vi hadde etter planen ikkje tenkt å ta inn meir enn 3 lærlingar, men med den store interessa og gode søkarar som var i år fekk heile 6 personar lærlingplass. I år har vi hatt søkarar frå Odda i sør til Trondheim i nord..

På bilde ser vi frå venstre: Inge Farstad (personalansvarleg), Jo Even Slåttelid, Kristoffer Frislid, Alexander Molvær, Ørjan Opsal, Espen Olsen, Øystein Solheim og Alf Bliksvær (Opplærinskontoret)