Category Archive: Nyheiter

  1. Ny krantralle med uttrekk!

    Leave a Comment

    Vi har nyleg tatt i bruk ny krantralle med 9 meter uttrekk! Med den nye tralla kan vi tilby transport av lengder opptil ca 25 meter. Denne vil for det meste gå bak kranbil med 53 TM kran og jibb med rekkevidde på ca 28 meter.

    Midtbjelken som delar uttrekket kan også takast av ved transport av fks. lange takstolar opp/ned i uttrekket, då får ein 9 meter åpning i uttrekket.

    Ta kontakt med oss for frakt av lange kolli!

  2. Ny kranbil!

    Leave a Comment

    I dag tok Frank Robert i bruk sin splitter nye kranbil! Bilen er ein Volvo FH 540 med Palfinger PK 53002 kran + jibb. Rekkevidden er ca 29 meter. Bilen er levert av Trucknor Sandane, mens det lekre påbygget er bygd opp av Vognteknikk i Bergen. Klargjeringa og lakkinga har vi tatt sjølve på verkstaden vår.

  3. Ny vaskehall!

    Leave a Comment

    Tidlegare denne månaden åpna vi den nye vaskehallen her på Mosflata. Her er plass til 2 vogntog som kan stå inne og vaske samtidig, i tillegg er det underspyling for betre vedlikehald av biler og utstyr! Dette lettar arbeidet stor for sjåførane, og gir oss eit betre arbeidsmiljø. Ved forespørslar om vasking ta kontakt med Yngve Bøstrand: TLF 99 54 82 00

  4. Ny trekkvogn!

    Leave a Comment

    I nydeleg Mai vær tok Robert i bruk sin nye Volvo FH 540! Bilen er levert frå Trucknor Sandane, påbygget er frå FJ Lastvagnar medan resten av utstyret er montert og kobla opp på verkstaden vår.

  5. 5 nye år med Pretre AS

    Leave a Comment

    I forrige veke signerte vi ny kontrakt med Pretre AS i Stryn. Kontrakta gjeld all transport av takstolar, precut og element ut frå fabrikken i Stryn.

    Vi er meget taknemmelege for at Pretre AS valgte oss igjen og vi ser fram til 5 nye år med godt samarbeid!

  6. Oppsummering av 2019

    Leave a Comment

    Vi har i 2019 investert i 11 nye bilar: 7 trekkvogner, 1 krokbil med tipphengar, 1 kranbil, 1 flisbil med tipphengar og 1 skapbil og hengar.

    I tillegg har det vårte investert i 15 nye traller og hengarar

    Alle traller og bilar har våre til klargjering på verkstaden vår. Alle har stått på og jobba for å nå eit felles mål, dette gjeld både sjåførar, mekanikarar og dei på kontoret som jobbar for å ha fulle lass på bilane til ei kvar tid! I tillegg nærmar vaskehallen seg ferdig, noko vi ser fram til å få i drift. Vi sett stor pris på innsatsen som er lagt ned i 2019

    Nye bilar 2019
    Nye bilar 2019
    Nye bilar 2019
    Nye traller 2019
    Ny krokbil med hengar 2019
  7. Ny skapbil med hengar!

    Leave a Comment

    Forrige veke tok Kristoffer i bruk sin nye bil og hengar. Det vil sei at bilen er ny, men skap er overflytta fra forrige chassis, medan hengaren har fått seg ein overhaling på verkstaden vår. Dette blei eit veldig flott sett.

  8. Ny trekkvogn!

    Leave a Comment

    Tidligare i år tok Vebjørn i bruk ny Volvo 540. Denne er utstyrt med Dualclutch som gir jamnare gearskifte og held dermed nede dieselforbruket. Dette fungerar meget godt i fylge sjåfør. Påbygget er levert frå FJ lastvagnar

  9. Ny krokbil og hengar

    Leave a Comment

    Denne veka tok Christer i bruk ny Volvo 540 med krokpåbygg frå Joab og ny hengar frå Nor Slep. Denne vil gå mykje med bilvrak og søppel til austlandet og stykkgods heim til Møre. Christer starta med oss som lærling i 2017, og har no fått fagbrev som yrkessjåfør. Nyebilen vart feira med Cubansk sigar 🙂