Bøstrand Eigedomsdrift | Bøstrand Transport

Eigedomsdrift

Torvmyrane 25 – 6160 Hovdebygda

På Hovden industriområde i Hovdebygda har me eit kombinasjonslokale til leige. Det er godt eigna til lager, kontor og logistikkverksemd. Du kan leige heile lokalet eller berre delar av det. Lokala er slik at det ligg godt til rette for å tilpasse dei til ulike behov. Eigedomen og området er regulerte til industri og lagerverksemd.

Om eigedommen

Uteområdet er om lag ti mål. Det er fint opparbeidd og asfaltert. Her er gode tilhøve for parkering og lagring både inne og ute. Tilkomst 1 km frå E39 og 1 km frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Eigedomen ligg sentralt på Søre Sunnmøre. Det er 5 km til både Ørsta og Volda sentrum, 45 kilometer til Fosnavåg, 30 km til Ulsteinvik og 65 km til Stryn.

Lokala er kombinasjonslokale, som tidlegare har vore brukte som verkstad, lager og kontor/administrasjon. Det er no mogleg med verksemd innanfor storhandel.

Fasiliteter:

  • Kaldtlager og eventuelt temperert lager
  • Det er god plass for små og store køyretøy både inne og ute.
  • Verkstad med smørjegrav for storbil
  • Traverskran i lagerhall. 6-tonns kapasitet
  • Takhøgda innvendig er om lag sju meter både på lageret og i verkstaden.
  • Portar til gjennomkøyring i begge endar
  • Gode tilhøve for truck både ute og inne.
  • Kontorfasilitetar i open eller lukka løysing.
  • Breiband fiber
  • Kjøkenfasilitetar.
  • Toalett og dusj.
  • Utstyr til vask av køyretøy.
  • Carport for parkering av personbilar utanfor inngangen.

Mosflatevegen 4 – 6154 Ørsta

På Mosflata Industriområde på Mo i Ørsta driv Bøstrand Transport AS verksemda si, som er transporttenester, verkstad og administrasjon. Her er kan du både laste om og lagre ute. Det ligg også her godt til rette for kundetilpassa løysingar.

Har du spørsmål, tek du kontakt med Yngve Bøstrand.
Telefon 995 48 200, eller på e-post yngve@bostrand.no


Bøstrand Transport