God jul frå alle oss i Bøstrand! | Bøstrand Transport

God jul frå alle oss i Bøstrand!

Vi ynskjer å takke alle våre samarbeidspartnarar og kundar for godt samarbeid i året som har gått. Vi ser fram til neste år, og ynskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

I staden for julegåve har vi i lag med ansatte i år valgt å gi eit bidrag til Ørsta Røde Kors, Hjelpekorps. Gåva er på 30.000 kr, pengane går til innkjøp av 5 stk nettbrett m/ laddar og utstyr som skal brukast i ettersøk og aksjonar. Programmet som brukast er SARtopo, og det gir full oversikt over mannskap under leiteaksjonar. Vi håpar att dykk får god nytte av dette utstyret.

Vi i Bøstrand vil også benytte anledninga til å takke alle medlemmar i Ørsta Røde Kors for den formidable innsatsen som blir lagt ned kvart år i form av dugnadstimar og arbeid for lokalmiljøet! Det er viktig for oss alle å ha ein sann organisasjon i området. Vi er stolte av dei ansatte som gir sitt bidrag til ei flott sak sann at vi ilag kan gi denne gåva!

Frå venstre: Dagleg leiar Yngve Ose Bøstrand, Tillitsvalgt Vebjørn Eriksen, Leiar i Hjelpekorpset Merete Flø og Leiar i Ørsta Røde Kors Jarle Steinar Bjørdal