Husflytt!

Mandag 18/6 flytta vi «kronehuset» som Einar Åmås kjøpte på Ose tidligare i år for 1 krone. Huset fekk seg ny tomt på Åmåsen der Einar skal bruke den til diverse eventer / overnattingar. Bøstrand Transport stod for prosjektering, gjennomføring inklusiv transport og kraning av huset. Sjølve transporten og kraninga gjekk smertefritt, breidda på huset var 6,9 m på stålbjelkane under, og smalaste punktet på ruta var 4 m… Sjå på bilda kor vi løyste dette.. Vi vil også benytte anledninga til å skryte av Ivar Aambakk AS som stilte med mobilkran og Inge Kolås AS som stod for klargjering av huset og ikkje minst Politiet som stengte vegen og dirigerte oss fram på eksemplarisk måte!