Om oss | Bøstrand Transport

Om oss

  • Me ligg i Ørsta kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke
  • Årsomsetninga er om lag 110 millionar kroner
  • Me har om lag 70 tilsette
  • Bilparken er om lag 50 trekkvogner/bilar og om lag 70 hengarar
  • Lokala og arealet ligg på Mosflata
    Bøstrand Transport

    Bøstrand Transport har vore på vegen for kundane sine sidan 1985. Difor kan me transportfaget. I dei 38 åra me har halde på, har me vakse jamt og trutt. Det byrja med ein bil og ein sjåfør. I 2012 vedtok me å etablere fleire firma, som skulle spesialisere seg innafor kvar sine fagområde. Difor ligg no Bøstrand Transport AS, Bøstrand Kran AS (tidlegare Bøstrand Kran og Containerservice AS) og Autosenteret Ørsta AS som eigne firma under Bøstrand Gruppen AS.

    I dag er det Yngve Ose Bøstrand som driv desse. I tillegg har Bøstrand Gruppen AS direkte og indirekte eigarpostar i tre eigedomsselskap.

    Bøstrand Transport

    Dei fyrste åra var det containerutleige og frakt av olje, diesel og tømmer i lokalområdet som var verksemda sine viktigaste tenester. Me satsa etter kvart meir og meir på godstransport, og i 1990 byrja me med fast køyring for Vik Ørsta AS (tidlegare Ørsta Stålindustri AS). Dette vart starten på langtransporten i firmaet. Transporten frå Vik Ørsta AS går over heile landet.

    I 2005 valde Vik Ørsta AS oss som einetransportør innanlands. Bilparken voks, og talet på tilsette steig frå 10 til 25. Fram til 2005 hadde me brøyting av fylkes- og riksvegar i distriktet for Statens Vegvesen, men etter at kontrakten gjekk ut, flytte me ressursane over på tradisjonell langtransport.

    Bøstrand Transport

    I ein tiårsperiode hadde me også all transport av komfyrar i Noreg og ein del av Sverige for Helkama Grepa til fabrikken i Ørsta vart lagd ned i 2008. Ein annan kunde er Grøvik Verk AS, som me skreiv transportavtale med i 2009. Derifrå går det lass med takrenner og beslag rundt om i Noreg. Etter at me fekk denne kontrakten, auka me med fire nye vogntog og like mange sjåførar.

    Me ser heile tida etter nye løysingar og tiltak, og satsing på kran har vore ein viktig del av suksessen vår. Heilt sidan me kjøpte den fyrste kranbilen vår, har me bygd opp eit stort nettverk av kundar som nyttar seg av denne tenesta. Kundane på kran nyttar oss ofte i fleire ledd i prosessen, fyrst skal varene transporterast til byggjeplass, deretter monterast. Me har dei seinare åra bygd opp ein stor og flott park med kranbilar.

    I 2012 skipa me vår eigen verkstad, Autosenteret Ørsta AS, som tek seg av alt av dekk, sørvis og vedlikehald.

    I 2014 investerte firmaet i semitrailerar med termokjøl/-frys og spesialtransport for anleggsbransjen og skipsindustrien.

    Frå 1. januar 2015 valde PreTre AS Bøstrand Kran AS som transportør. Denne avtalen femner om all transport frå fabrikken i Stryn. Her går det kranbilar i trafikk over heile landet med takstolar og prekutt for bygningsindustrien.

    Eit anna satsingsområde er satsing på «flisbilar» med tipp eller walking-floor-traller for transport av avfall i laus vekt. Dette gjeld søppel, boss, metall, bilvrak og liknande. Den nyaste satsinga vår er kjøp av «asfaltbilar» og tilhengarar til transport av asfalt mellom asfaltverk og operatøren som legg asfalten på vegane våre.

    Bøstrand Transport

    Etter at me i 2012 flytte til Mosflata, har me investert i lokale med moderne verkstad, lager, kontor, vaskehall og oppstillingsplass og alle person-fasilitetar. Lokasjonen ligg midt i smørauget i den nye store regionen som har vakse fram på Søre Sunnmøre etter at både Kvivsvegen og Eiksundsambandet vart opna. Ferjefritt samband til Sogn og Fjordane og resten av Vestlandet, til Austlandet og den maritime klynga i Ulstein/Herøy/Sande-regionen gjer at me stiller sterkt på mange område.

    Me skal vere ein god og trygg arbeidsplass for alle tilsette og familiane deira. Me arbeider målretta for å skape trivsel, for at materiellet vårt skal ha god kvalitet, og for at dei tilsette skal ha gode faglege kvalifikasjonar.

    55502102eb1fcf.jpg
    65502103165ce8.JPG

    Bøstrand Transport