Spesialtransport | Bøstrand Transport

Spesialtransport

Spesialtransport – transport av spesialvarer

Bøstrand® har mange typar traller eigna til ulike former for spesialtransport. Til dømes maskiner, traktorar, båtar, anleggsmaskiner, takstolar og annan type brei, lang og høg last.

Me tek på oss alt frå planlegging til gjennomføring; nesten ikkje noko oppdrag er umogleg.
Sjåførane våre har lang erfaring på dette transportfeltet. Lastekapasiteten ved udelelege kolli er opptil 37 tonn.

  • Jumbotralle til kranbil med 9 meter uttrekk. Sving på alle akslingar.
    Transporterer lengder opptil 25 meter.
  • Brønntralle med 4,4 m uttrekk. 45 cm lastehøgde i brønn
  • Jumbo/maskintralle med 6 meter uttrekk og køyrebruer
  • Maskintralle med 4,5 meter uttrekk, hydraulisk breidding til 3 m., hydraulisk sving og køyrebruer
  • Jumbotralle for kranbil med brønn tilpassa båttransport.
  • Flate opne traller

Bøstrand® tilbyr sjølvsagt også leiebil/fylgjebil når det er krav om det, og når det elles er nødvendig.

Ta kontakt for eit godt tilpassa tilbod!

Knut Arne Stokke
Knut Arne StokkeTransportmeglar lokaltrafikk, spesialtransport og kranbilar
Tlf 970 56 505
knutarne@bostrand.no

Bøstrand Transport