Vi treng fleire dyktige mekanikara!
Vi er inne i ei periode med stor satsing om mykje nytt utstyr, og vi treng difor fleire dyktige mekanikara på verkstaden vår. Vi har auka bilparken med 10 bilar og 15 traller berre siste 2 åra og pågangen er stor. Utstyret ruller ofte opptil 150.000km i året og behovet for vedlikehald er stort. Vi har eit nytt og moderne verksted og vaskehall er under oppføring, dette vil gjere det enklare å få vaske utstyret før vi tek det inn på golvet. Vi ser føre oss å auke med 2 mekanikara framover. Vil du bli ein del av teamet ilag med oss så nøl ikkje med å ta kontakt. Fleire av mekanikarane har våre her i mange år, den som har våre her lengst har våre her sidan 1996.

Les meir om verkstaden vår her

